| Velkommen til Svelgen-sona! Her kan alle som ønskjer det bidra! SVELGEN HISTORIKK, Skrive av Magni LotheBUSETNAD – NÆRING Livsgrunnlaget i bygda heilt fram til 1900-talet var husdyrhald, fiske, jakt og ikkje minst skog- og sagdrift. Dei hadde årgangssager (med vassføring heile året) både på Rise og Sande. I 1603 betalte “Lars i Gulen” 3 daler i skatt av årgangssag og 2 daler i bordskatt av 30 tylfter bord. Fossekrafta i elvane her har såleis vore nytta lenge før den industrielle utbygging tok til. Vasskrafta i Svelgen vart nytta lenge før industrireisinga tok til. Både Rise- og Sandegardane hadde sagbruk ved Svelgselva som har gjeve staden namn. Svelgselva var ei av dei få elvane i distriktet som hadde vassføring heile året. I tørkebolkar vart tømmer fløytt inn til sagbruka her.I åra fram mot 1700 vart det truleg teke ut så mykje tømmer at storparten av den tilgjengelege, drivverdige skogen var uthoggen. På 1800 talet vart det skogsdrift i Svelgsdalen. Erik Olsen Nord, Stortingsmann frå Nordfjordeid, er den eldste vi kjenner til som dreiv regulær skogshogst i dalen frå 1830 og utetter. Skattebøkene viser også at det stundum har vore knapt med pengar for bøndene her. I 1886 kjøpte til dømes lensmann Edvard Falch sørsida av Svelgsdalen på tvangsauksjon for 25 kroner av grunneigaren på Rise som skulda 7.98 kroner i skatt. Folketellinga frå 1801 fortel at det då budde 11 menneske på dei to bruka på Sande. På Rise var det fire bruk med ein busetnad på 25. Det var også minst to husmannsplassar her. Ved folketellinga 100 år seinare er folketalet omlag det same. I den tronge fjordbotnen var det ikkje meir dyrkbar jord som kunne gje livsgrunnlag for fleire. KRAFTUTBYGGINGA Faye fatta stor interesse for staden, og fekk straks i gang forhandlingar med grunneigarane og byrja med kartlegging og oppmålingar. 3. mars 1924 var A/S Bremanger Kraftselskab skipa med ein aksjekapital på 180 000,- kroner og med Faye som ein av dei tre store aksjonærane. Aksjane kostar kr. 1000,- pr. stk. Og det var også mange her i distriktet som teikna seg for ein aksje eller to. Dette var fyrste steget på den vegen som skulle forandre den vesle isolerte bygda i ein bortgøymd fjordbotn på Vestlandet til ein moderne industristad. INDUSTRIREISINGA TEK TIL Inntil den tid måtte folk, post og varer hentast på Kjelkenes med motorbåt. Det vart stor stas då dei fyrste elektriske lysstrålane vart sende utover bygda i mai 1918. Det vart då produsert 400 Hk, og fyrste tida var stasjonen i gang berre i arbeidstida. På den tida vart også det fyrste tunnelpåhogget kom i gang noko seinare. VANSKANE MELDER SEG KRAFTPRODUKSJON Kraftstasjonen vart bygd samtundes med at anleggsarbeidet ved Svelgsvatnet dreiv på, og 1. oktober 1921 kom kraftstasjonen i ordinær drift. STILLSTAND Det var stor arbeidsløyse i landet, og ein vona i det lengste at krafta kunne nyttast til å skape fleire arbeidsplassar på staden, ikkje berre til kraftleveransar. RUJERNSVERKET Nokre års dvale var over. Allereie tidleg i 1927 byrja førearbeidet til smelteverket som skulle byggast, og etter kort tid var anleggsarbeidet i staden i full gang. Opplæring av driftmannskap til den elektriske smelteomnen gjekk føre seg i Oslo ved Christiania Spigerverk der ingeniørane Georg Tysland og Ivar Hole hadde konstruert ein ny omn. Dei stod her for eit pionerarbeid innan elektrisk rujernssmelting. Dei leia også bygginga av den såkalla Tysland/Hole-omnen i Svelgen. Dette var dei to fyrste teknisk brukbare elektriske rujernsomnane i verda. Omnen i Svelgen var i drift i rundt 30 år. 14. november 1928 vart det fyrste jernet tappa ved fabrikken. Som handelsvare fekk det nye rujernet namnet “VanTit” avdi malmen frå Rødsand Gruber inneheldt vanadium og titan. Det var ny teknologi som her vart utprøvd, difor oppstod det ofte tekniske problem. Manglande erfaring og kunnskap om virkningane av den nye teknologien var truleg årsak til ein slaggeksplosjon ved omnshuset. Ulukka skjedde den 17. November 1929 og seks mann miste livet. I den mørkaste depresjonstida på 30 talet var det vanskeleg å marknadsføre eit nytt produkt. Verket kom i økonomiske vanskar, og ved ei refinansiering i 1933 trekte Christiania Spigerverk seg som interessent. Etter hausten 1933 var rujernsverket i drift utan avbrot eller nemneverdige opphald. Salet på verdsmarknaden gjekk lettare, og rekneskapet kom nær i balanse i åra før krigen. I 1936 hadde verket 166 tilsette. KRIGSÅRA Dei tronge Gulenfjordane var gode gøymestadar for tyske båtar, og Svelgen vart nytta som konvoihamn. Siste krigsåra var det fleire flyangrep der engelske bombefly freista å senke skipa som la seg tett oppunder land inne i hamnebassenget. Fjella i området var også gode gøymestadar, og der heldt motstandsrørsla til. Siste krigsåret budde der til dømes folk frå heimefronten i og to Linge-karar i ei hytte ved Sørdalsvatnet. Då tyskarane kom til Svelgen tok dei over mellom anna Folkets Hus og Hus 8. Dei bygde og brakker på Sande. Bortsett frå ei vart alle straks rivne etter krigen. ETTERKRIGSTIDA Året etter inngjekk dei ei samarbeidsavtale for minst ti år med Årdal Verk og AS Bremanger Kraftselskab om leigesmelting i Årdal. EIGARSKIFTE Det vart straks sett i gang ei storstilt utbygging av både kraft- og fabrikkanlegg. Fram til 1955 hadde verket berre eitt salsprodukt, Vantit. Vasskrafta kunne byggast vidare ut og nyttast til andre smelteprosessar og dermed gje verksemda fleire bein å stå på. Ved å blåse oksygen inn i det flytande jernet fekk dei ei ny type jern. Bremanger smelteverk gjorde også her eit pionèrarbeid i utviklinga av det nye jernet som vart selt under nemnet BOB (Bremanger Oxygen Blown) Omn II vart bygd for ferrosilisiumsproduksjon og kom i drift sommaren 1956. Fe-Si var eit nytt og vellukka produkt som selde godt, og sommaren 1963 vart det sett i gang endå ein ny Fe-Si omn. Omn IV, 15 000 kW, var rekna for å vere den største i verda på sitt felt. Gamle omn I vart ombygd i 1955, men produserte for lite og vart riven. For å dekke den seinare aukande etterspurnaden vart ein ny rujernsomn oppsett, omn III. Den kom i drift i desember 1958, og med e driftsbelastning å optil 24 000 kW, var den då ein av dei største elektro-omnane i verda. Frå fyrst i 1960-åra driv ein i Svelgen forsøk med framstilling av silisiummetall etter ein ny metode. Forsøka viste gode resultat, og i 1964 vart det set i gang eit anlegg for framstilling av Silgrain som er handelsnamnet på dette produktet. Om Gunnar Schelderup: Gunnar Schelderup var 31 år då han tok over sjefsstillinga ved Christiania Spigerverk i 1926, ei stilling han hadde fram til 1961. Han var ein ivrig pådrivar for utviklinga i Svelgen. Som ei påskjøning for det han har gjort for bygda, har hovedgata i Svelgen fått namnet “Gunnar Schelderupsveg”. LANDSKAPET ENDRAR SEG Dette stemmer nok for Svelgen sin del og. Bortsett frå fjella, har landskapet i bygda vore i gradvis endring frå utbygginga tok til og fram til i dag. Det var liten plass til utvikling og bustadbygging imellom fjella og fjorden. Manglande tomteareal har heile tida vore eit stort problem. Difor tok ein straks til med utfyllingar. Masse frå tomteutgravingar, fjellhallar, tunnelar og slagg frå smelteproduksjonen vart tippa i sjøen. Storparten av det som i dag er Svelgen sentrum er bygd på desse utfyllingane. KRAFTUTBYGGING Dei trudde nok at tidene skulle betre seg og at det ikkje vart så lenge før ein kunne starte opp att. Det skjedde først i 1955, og då kunne ikkje noko av utstyret frå første anleggstida brukast. Det var nye tider og nye teknikkar, og berre to tverrslag kunne nyttast. Kneikevatn og Toppen. Der vart det gjennomslag i 1957. Vatna på hyllene aust for Hjelmevatn, mot Ålfotbrèen, vart etterkvart overførte til Hjelmevatn. Dei ligg i eit særs vanskeleg terreng. For å kome fram til anleggsstadane måtte det sprengast råder og settast opp stigar. Då dette anleggsarbeidet tok til i 1958, ved overføring av fem vatn med fire tunnelar, vart det nytta helikopter. Dette var det fyrste større anlegget i Norge som i det heile var basert på helikoptertransport. I den nye kraftstasjonen som var bygd inne i fjellet, vart det montert to aggregat med ei forsyning rekna til 10 millionar kWh. VIDARE KRAFTUTBYGGING Av desse er 32 kilometer utsprengde etter 1955 då Christiania Spigerverk tok over. Det er bygd 13 damanlegg oppe i fjella, 11 av desse er bygde etter 1955. Den totale kraftkapasiteten er på rundt 625 kWh. Den gamle kraftstasjonen i Svelgen er framleis i drift og fungerer også som fjernstyrings-sentral for alle stasjonane. I 1972 gjekk Christiania Spigerverk og Elkem-konsernet saman i ein fusjon. Namnet til verket i Svelgen vart endra til Elkem–Spigerverket AS, Bremanger Smelteverk. Seinare er namnet endra til Elkem Bremanger. NYE UTVIKLINGAR Omn V var datastyrt og den største smelteomnen i Europa. BS var dei fyrste til å ta i bruk den nye datateknologien. Alt i 1967 fekk ein prosesstyring av ferrovanadiumomnen. Noko seinare vart alle omnane datastyrte. Silgrainanlegget hadde også eit knuseverk. Under reparasjonarbeid skjedde det den 18. oktober 1972 ein støveksplosjon. Denne ulukka krevde fem menneskeliv og fleire arbeidarar vart hardt skadde. Rujernsproduksjonen vert nedlagd Med tilgang på billeg kraft var Verket konkurransedyktige på verdsmarknaden. I utlandet nytta dei store masomnar til jernsmeltinga. Det vart stadig dyrare å ta ut malmen frå Rødsand Gruber, og produksjonen i Svelgen vart for dyr. Noko måtte gjerast, og valet stod mellom å utvide rujernsproduksjonen eller legge den ned. I heile 70 åra vart det arbeidd hardt for å finne ein rimelegare måtar å lage rujern på. Mellom anna vart det laga store planar for å legge om drifta på Rausand for å bygge eit heilt nytt rujernsverk med rulleomnar på Holmaneset utanfor Svelgen. Det enda med at rujernsomnen vart nedlagt. Den 5. september 1982 kl. 15.46 stoppa rujernsomnen for godt. Ettertida har vist at dette var rett. Men det var eit drastisk vedtak som første til tap av mange arbeidsplassar. FRÅFLYTTING Ein del yngre familiar flytta då frå bygda. Ungdomen som vaks opp, var ikkje som tidlegare sikra arbeid ved Verket. Mange var nok pessimistiske ei tid, men med pionèrånd og stå-på-vilje har ein ved BS alltid makta å ligge langt framme i teknisk forsking og produktutvikling. Trass vanskar og konjunktursvingingar opp gjennom åra, har bedrifta i Svelgen vist seg å vere ei av dei mest solide i Elkem-konsernet. I 1955 var knapt 600 menneske busette i Svelgen. Men med ei rivande utvikling ved BS steig folketalet jamt, og i 1980 var her vel 1700 med fast busetnad, i tillegg til mange vekependlarar. Omstilling til annan produksjon har saman med automatisering og andre rasjonaliseringstiltak gjort at folketalet i bygda har minka. Dette viser kor viktig denne arbeidsplassen er for Svelgen. Folketalet ser likevel ut til å ha stabilisert seg noko dei siste par åra. Ved årsskiftet 1994/95 budde det omlag 1325 menneske i Svelgen. Frå forureining til salsprodukt Den fyrste tida var deponering av avfallet frå reinseanlegget eit stort og kostbart problem. Etter kvart viste det seg at røykavfallet, microsilicaen, kunne nyttast i mellom anna betongindustrien. Sidan har dette vorte eit etterspurt salsprodukt. Ved Silgrain-anlegget vart mellom anna tungmetall av ymse slag sloppe ut i fjorden. I mange år vart det forska på korleis utleppa kunne reinsast og avfallet og framstillast til salsprodukt. På dette området og viste verket seg å vere ei pionèrbedrift. Det var ein stor dag då det nye ACH-renseanleggetanlegget, det fyrste i sitt slag, vart offisielt opna 27. mai 1992. I staden for å ureine fjorden, vert avfallsprodukta selde og nytta i prosessane ved vatn- og kloakkreinseanlegg. Men desse produkta er Elkem Bremanger også vorte ein kjemikalieprodusent. Fotnote: Denne historia om Svelgen vart skriven i 1995. Mot slutten av 90 tallet vart ikkje produksjonen til ACH-anlegget lenger lønsam, og Elkem deponerer i dag ein del av avfallet på Langøya. Dei sel imidlertid fortsatt jernklorid, som er avfallsprodukt frå Silgrainanlegget. BUSTADBYGGING – STORE PLANAR Ulvesund Privatbank kom på langt at dei sette opp grunnmuren til eit bankbygg, og den stod som eit monument i Breivika heilt fram til byrjinga på 60 talet. Bremanger Kraftselskab engasjerte eigen arkitekt, Leif Rustad, som budde her fram til 1920. Rustadbakken har namn etter han. Ingeniørmessa, Hus 13, var hans private bustad og kontor. Austre fløyen vart nytta til hønsehus fyrste tida. Frå 1985, då Svelgen Nærradio kom i gang med hjelp frå Verket har radioen hatt sine faste sendingar i desse lokala. (Fotnote: Svelgen Nærradio har ikkje vore i drift sidan 1996) På Industristadar med mykje anleggsverksemd var det eit tydeleg skilje mellom funksjonærar og arbeidarar. Det vert hevda at dette klasseskiljet ikkje var så markert i Svelgen som på andre typiske industriplassar, men i dag kan vi sjå det på til dømes bustadbygginga frå den tida. BUSTADBYGGING Fyrste åra vart det og sett opp mange provisoriske brakker, men fleire av dei vart nytta til bustadhus heilt fram til 60 åra. Husmangel var eit sort problem opp gjennom heile anleggstida. For å sikre stabil og dyktig arbeidskraft gjekk verket inn for å støtte privat bustadbygging ved til dømes å tilrettelege tomtar. I slutten av 1930 åra var det ein del privat byggeverksemd. I 1956 la verket ut eit bustadfelt på Ivarplassen på Sande med 43 bueiningar. To år etter var bygging i gang på alle tomtane. I Kvelve bygde verket fleire einebustader og selde dei ferdige husa. På Langeneset, som i dag er det største bustadfeltet kom bygging i gang først etter at det vart gjenomslag for riksvegen på Kjelkenes i 1960. Då Sande II vart regulert i 1977, var det kommunen som hadde teke over ansvaret for bustadbygginga. I dag bur dei fleste svelgarane i private bustader av høg standard, og mest alle eigedommane har både hage og garasje. Staden har vakse fram til å verte ein fin og triveleg bygdeby. Frå utkant til kommunesenter Frå utbygginga tok til i 1917 og fram til 1965, var det verket som stod for og la til rette all byggeverksemd i Svelgen. Dei bygde vegar til byggefelta, førte fram straum, vatn og kloakk og stod for alt vedlikehald fram til kommunen tok over ved kommunesamanslåinga. Stadig fleire oppgåver er tillagt kommunen. Ved kommunesamanslåinga var det 8-9 tilsette i administrasjonen, i dag er det i alt rundt 50 tilsette ved dei kommunale kontora på rådhuset. Svelgen sjuke- og aldersheim stod ferdig i 1979 med plass til 42 eldre og pleietrengande. (Svelgen sjuke- og aldersheim har seinare skifta navn til Svelgen bu- og servicesenter.) Vegar og transport Telefon Post Handelsverksemd I 1923 tok tilsette ved AS Bremanger Kraftselskab til med Svelgen Kjøpelag. Lageret deira gjekk seinare over til Svelgen Handelslag som opna forretning i eige bygg ved Svelgselva i 1928. Etter krigen vart det bygd nytt forretningsbygg på Riseøyra. Dette bygget er utvida fleire gonger og er i dag største forretninga i Svelgen. Det var fleire som driv bakarverksemd den fyrste anleggstida. I 1933 tok Rolv Sande over etter ein onkel og i 1938 flytta han inn i nytt forretningsbygg der det var både bakeri, utsal og bustader. Verksemda er enno i drift. Etter kvart som folketalet i bygda auka er fleire spesialforretningar komne til. I 1993 fekk Svelgen eit nytt kjøpesenter, då fleire forretnings- og næringsdrivande gjekk saman om Rise Næringsbygg. Fotnote: Bakeriet til familien Sande er ikkje lenger i drift. Sidan denne historia vart skriven har ein også prøvd med konditori i lokala. Dette vart dessverre også nedlagt før jula 2000 etter kort tids drift. Kyrkja Det var eit strekt ynskjer i bygda om eige kyrkjebygg, og det vart samla inn midlar. I 1946 vart det bygd eit klokketårn på Skuleberget, og Svelgen kapell vart seinare reist ved sida av tårnet. Kapellet var vigsla av biskop Ragnvald Indrebø den 9. oktober 1960. Ved kommunesamanslåinga i 1965 var dei to kyrkjene i Midtgulen sokn lagde til Davik prestegjeld. Svelgen har i alle år nytta kyrkjegarden i Midtgulen. Arbeidet med den planlagde gravplassen for Svelgen starta opp på Rise i 1994 og vart vigsla i desember 1995. Skule Hausten 1959 var eit nytt og moderne skulebygg på Risebøen teke i bruk. Her var det både gymsal og symjehall. Symjehallen var ei gåve frå Christiania Spigerverk Borna frå Midtgulen kring vart overflytta til Svelgen i 1961 og Nesbø/Dyrstad krins fylgde etter i 1966. I 1965 vart skulen utvida og ti år seinare vart ungdomsskulen bygd. Midt i 70 åra var barnetalet ved Svelgen skule på det høgaste med omlag 380 selevar. I dag er elevtalet rundt 150. Fotnote: Skulebygget på Naustneset frå 1922 er framleis i bruk. Mellom anna til ungdomsklubb fire gongar i veka (med det dekkjande namnet “REALEN”), eldretreff, kursverksemd og møtestad for lag og organisasjonar. Lag og organisasjonar Kvinneforeningar som husmorlag, sanitets- og misjonsforeningar kom i gang i 30 åra og det har arbeidd aktivt i bygdemiljøet. Det var til dømes Svelgen Husmorlag som fekk bygd den fyrste barnehagen i kommunen. I anleggstida i 1918 herja spanskesykja. Det var ikkje sjukehus mellom Bergen og Ålesund, så sjukestova vart då oppsett i ein fart. Den var også bustad for sjukesøster i mange år. Lege og tannlege hadde kontor der fram til rådhuset stod ferdig. Røde Kors foreninga kjøpte huset og pussa det opp på dugnad. Dei har no trivelege klubblokale der. Svelgen Røde Kors vart skipa i 1958 og har vore eit aktivt lag med mange medlemmer. Det vart skipa songlag alt i 1927, og med unnatak av nokre opphald innimellom har det vore god aktivitet i koret. Svelgen hornmusikk starta opp i 30 åra, og var aktive i periodar fram til Svelgen skulemusikk starta i 1964. Elles kan nemnast bridgeklubb, Lions Club, kunstlag, handikaplag, husflidslag, skyttarlag, revylag, båtforening, jeger- og fiskeforening og pensjonistlag. Møtelokale Folkets Hus vart innvigd sommaren 1920, og som det einaste møtelokalet i Svelgen, var det fram til 1961 nytta til alle slags tilskipingar som basar bryllaup og liknande. Det var kino kvar søndag og onsdag. Under krigen tok tyskarane det i bruk til innkvartering og spelte propagandafilmar på spesielle kveldar. Huset vart rive i 1974. Christiania Spigerverk stod for bygginga av Svelgen samfunnshus. Det var organisert som eit lutlag, og lutane vart overdregne til alle lag og organisasjonar i Svelgen. Privatpersonar teikna seg også for lutar. Svelgen Samfunnshus vart bygd og teke i bruk 13. September 1961. Ei byste av direktør Gunnar Schelderup er plassert ved hovudinngangen til huset. Gamleskulen på Naustneset er nyleg pussa opp og er tilhaldsstaden for den aktive ungdomssklubben “Realen”. Huset vert og mykje nytta av lag og organisasjonar til kurs og møteverksemd. Etter nær 20 års planlegging og mykje diskusjon, vedtok kommunestyret på nyåret 1993 å bygge idrettshall i Svelgen til ein kostnad å over 11 millionar kroner. For å finansiere bygget garanterte idrettlaget STIF for ein dugnadsinnsats på vel 1 million kroner. Bygdefolket med idrettslaget i spissen, viste ein fantastisk innsatsvilje og nådde målet og vel så det. Difor var også heile bygda invitert til festen då det fine Idrettshuset vart offisielt opna 19. desember 1993. Den aller første samlingsstaden i Svelgen var ein danseflake bygd på Naustneset i 1918. Flaken vart riven i 1920 då den kom i vegen for skulehuset (Realen). Same året vart Folkets Hus ferdig og teke i bruk. Fotnote: Svelgen Barnehage er no flytta bort i skulebygget etter ei omfattande ombygging. Ein er i gang med å rive den gamle barnehagen der det no skal verte uteområde for barna. Elkem er alt for Svelgen
Vist 374 ganger. | ||