| Velkommen til Svelgen-sona! Her kan alle som ønskjer det bidra!
![]() Andreas - ein glad gutAndreas Riise f 1932 d 2009 i glad leik under kjøkenglaset utanfor huset på bnr 4 på Rise. Den vesle kvite flekken er kattungane Per, Pål og Jakob som ligg og søv i solskinnet. Andreas var den siste som vaks opp på “Teigane”, som oldeforeldra hans, (Carl) Martinus og Petrikke (Kjelkenes)Vindspollen kjøpte i 1846. Bildet er teke 1935. Bildeeigar: Eli Tideman
![]() Else og AndreasKosestund i hagen i 1935. Andreas Riise her med Else Kjølberg Munkelien, som var fadder på Andreas. Bildeeigar: Eli Tideman
![]() Svelgen by nightDette bildet er teke frå Kruna på begynnelsen av 1990-talet. Antar at Andreas Riise er fotografen her. Bildeeigar: Eli Tideman
![]() VinterlandskapVinterbilde av Svelgen teke frå Sandsegga på midten av 1920-talet. Bildeeigar: Eli Tideman
![]() Gamle "slitarar" frå RiseTo gamle damer frå Rise utanfor huset på bnr 4. T.v: Pernille (Reksten) f 1859 d 1943 g.m. Andreas Riise og Olianne (Myklebust) f 1850 d 1935 g.m. Peder Rise frå bnr 1. Bildeeigar: Eli Tideman
![]() På SvelgselvbruaBrua over Svelgselva. Framme t.h. ligg saga, bygd av Bremanger Kraftselskab. Både den såkalla Ålfotstasjonen (t.h), som leverte kraft til Ålfoten og Svelgen kraftstasjon er bygde. Mannen på brua kan vere Kristen Sande. Han var bakar i Svelgen nokre år før han begynte å arbeide på Verket. Bildet er teke ca 1925. Bildeeigar: Eli Tideman
![]() "Bjørkeborkhandel"To ukjende karar med kvar si bør med bjørkebork på ryggen ved huset på bnr 4 på Rise. Borken vart brukt til å “barke” fiskegarn, dvs forsterke trådane i garnet. Ukjent årstal. Personane er også ukjende. Bildeeigar: Eli Tideman
![]() Ved SvelgselvaHer ved ei 40-mannsbrakke i nærleiken av Svelgselva i ca 1932. Bak f.v: Edvar Sørgulen, Reidar og Sofie Hansen. Framme Rolleiv Hansen og Ola V. Eikeset. Bildeeigar: Eli Tideman
![]() Ved SvelgsfossenVed Svelgsfossen ovanfor Svelgen i 1932. F.v: Ola V. Eikeset (1906-1982), Petra Riise (1898-1988), Sofie Hansen (1901-1971) og Reidar Hansen (1903-1951). Framme Rolleif, sonen til Reidar og Sofie. Bildeeigar: Eli Tideman
![]() Med stubbebrytarBrødrene Ragnvald (t.v) og Knut Riise driv med nydyrking av Myra på Rise (der industrifeltet er i dag). Til hjelp har dei ein stubbebrytar. Karane sit på ei trerot dei nettopp har teke opp. Bildet er tidfesta til 1917/19. Bildeeigar: Eli Tideman
![]() Amerikabesøk på Ytrehus“Søndag i juni på Yttrehus” (truleg 1955). F.v: Alfred Sande, Alf Yttrehus, Bergljot Yttrehus, Gudrun Yttrehus, Borghild Yttrehus, Magda Yttrehus Hawkins og Rolf Yttrehus med sonen Gunnar. Guten midt på bildet er Bjørn Yttrehus. Magda Yttrehus Hawkins var søskenbarnet til Alfred og Alf. Foreldra hennar (mor frå Sande og far frå Ytrehus) emigrerte til Amerika på slutten av 1800-talet. Bildeeigar: E… Les hele
![]() 1943Tredje klasse ved Svelgen skule i 1943 saman med læraren Olav Svidal frå Jølster. Elevane gjekk på skule 14 dagar og hadde fri 14 dagar medan læraren underviste på Nesbø. Framme f.v: Nancy Sagebø, Agnes Håøy, Gudny Holm, Liv Gulestøl, Dagfinn Kleiven, Borgny Lunde, Bjørg Kjelkenes og Halldis Bremnes Rusti. Bak: Andreas Riise, Torfinn Øvrebotten, Viktor Nilsen (delvis skjult), Aud Ådland, Tor Zacha… Les hele
![]() På Folkets HusFrå ein samankomst på Folkets Hus. F.v: Kristian og Dina Bremnes, Kristina Nødset, Josefine Hestdal, Dina Valberg, Marie Kleiven, Petra Riise,Hansina (Sina) og Lorents Sørgulen. Bildeeigar: Eli Tideman
![]() Skuleelevar i GulenSkulebilde på Eikeland ca 1910. Framme f.v. Borghild Birkeli Yttrehus, Herborg Eikeland Indrehus, Astrid Rise, Petra Riise, Ida Rise Myklebust og læraren Ingvald Opedal. Bak f.v. Asbjørn Birkeli, Per Eikeland, Kristen Dyrstad, Olav Sande, Ragnvald Riise, Emma Eikeland Barstad, Olga Eikeland og Ragna Rise Eikeland. Skulen heldt til i gamlestova i våningshuset på bnr 1 fram til 1917. Bildeeigar: Eli… Les hele
![]() 1. mai tog 19201. mai demonstrasjon i 1920 i Svelgen sentrum. Parolen på fana ser ut til å vere:“Ned med kapitalismen”. Toget var svært mannsdominert. Bildeeigar: Eli Tideman
![]() Ved sjøkantenVakkert landskapsbilde av båtar som ligg oppankra på Vågen i Nordgulen. Idrettsbana og Svelgen Legesenter ligg nesten der båtane er fortøgd. T.v. ligg Øyrabua som tilhøyrde bnr 3 på Rise. Bildeeigar: Eli Tideman
![]() Svelgen kraftstasjonBygginga av kraftstasjonen tidleg på 1920-talet. Kraftstasjonen vart starta 1. oktober 1921. T.h. på bildet kan ein sjå at bygginga av ny fylkesbåtkai er starta. bIldeeigar: Eli Tideman
| |||||||||||