Velkommen til Svelgen-sona! Her kan alle som ønskjer det bidra!

Portretter

Nikolai Rise

Nikolai Rise f 1877 d 1914 g.m. Anna Frimannslund.Foreldra til Nikolai var Inger og Berge Rise frå bnr 5 på Rise. Bildeeigar: Eli Tideman

Ivar Rise

Ivar Rise f 1881 d 1970 g.m. Olana Dyrstad f 1878 d 1975. Dei busette seg i Hennøya. Foreldrene til Ivar var Berge og Inger Rise frå bnr 5 på Rise. Bildeeigar: Eli Tideman

Tidemann (Myklebust) Tiedemann

Tidemann (Myklebust) Tiedemann f 1851 d 1925 g.m. Ragnhild Hansen f 1856 d 1901. Dei budde i Bergen og fekk 6 barn. Foreldra til Tidemann var Tidemann og Marte (Leirgulen) Myklebust. Begge døydde då Tidemann var 2 år. Han var onkelen til Tidemann Rise. Bildeeigar: Eli Tideman

Johannes Gustav Rise

Johannes Gustav Olaison Rise f 26/5-1891. Foreldra var Olai og Olina Rise frå bnr 3 på Rise. Johannes var fiskar og drukna 20.05.1917. Bildeeigar: Eli Tideman

Jens Sandvik

Jens Sandvik f 1877 d 1973 g.m. Synneve Ytrehus f 1883 d 1962. Dei budde på bnr 1 i Sandvika og fekk 8 barn. Foreldra til Jens var Hans og Anne (Rake) Sandvik. Bildeeigar: Eli Tideman

Aletta Kristine Rise

Aletta f 1889 d 1980 kom frå bnr 1 på Rise. Ho tok seg av barna til broren, Tidemann då han vart enkemann og arbeidde på telefonstasjonen på Rise. Foreldra til Aletta var Peder og Olianne Rise. Dei fekk 5 barn. Bildeeigar: Eli Tideman

Olga Kornelia Eikeland

Olga Eikeland f 1895 d av tuberkolose i 1918. Foreldra til Olga var Olai og Anne Eikeland frå bnr 2 på Eikeland. Bildeeigar: Eli Tideman

Bergithe Helene Rise

Bergithe Rise f 1879 d av tuberkolose i 1919. Foreldra var Peder og Olianne Rise frå bnr 1 på Rise. Bildeeigar: Eli Tideman

John Mulehamn

Johan Mulehamn f 1894 d 1989 var sonen til Augustinus og Inger Mulehamn frå bnr 1 i Mulehamn. Han vart g.m. Synnøve Sørgulen f 1892 d 1961. Dei overtok bnr 5 i Sørgulen i 1926. Dei fekk 7 barn. Bildeeigar: Eli Tideman

Augustinus Sørgulen

Augustinus Sørgulen f 1892 var sonen til Andreas og Kristine Sørgulen frå bnr 4 i Sørgulen. Han var g.m. Anna Auflem frå Olden. Bildeeigar: Eli Tideman

Magdalene og Ragnhild Tiedemann

Magdalene Tiedemann f 1880 d 1967 og mora Ragnhild f 1856 d 1901. Magdalene var ugift. Då mora døydde, tok Magdalene ansvaret for 5 yngre brør og faren Tidemann. Magdalene var ofte på besøk hos søskenbarna Tidemann og Aletta Rise. Bildeeigar: Eli Tideman

Søskenflokk?

Nokon som kjenner igjen desse småjentene eller kanskje er det 2 jenter og 1 gut? Fann bildet i eit album etter Tidemann og Aletta Rise. Bildeeigar: Eli Tideman

Hanna Katrine Rise

Dette er truleg Hanna f 1886 d 1892. Ho drukna i ein bekk på bnr 1 på Rise. Foreldra hennar var: Olianne og Peder Rise frå bnr 1. Bildeeigar: Eli Tideman

Johann Oldeide

Oldeide var det skrive på baksida av bildet, og mannen heiter Johann Oldeide g.m. Oleanne Hauge. Fotografen er B.G. Kvarme, Vossevangen. Bildeeigar: Eli Tideman

Ragna (Eikeland) Rise

Ragna (Eikeland) Rise f 1886 d av tuberkolose i 1921 g.m. Tidemann Rise f 1877 d 1956. Dei fekk 3 barn. Foreldra til Ragna var Anne og Olai Eikeland frå bnr 2 på Eikeland

Tidemann Rise

Tidemann Rise f 1877 d 1956 g.m. Ragna Eikeland f 1886 d 1921. Dei budde på bnr 1 på Rise der Tidemann ved sidan av å vere bonde, var styrar for rikstelefonen i Svelgen. Dei fekk 3 barn. Bildeeigar: Eli Tideman

Jette Varpe Eikeland

Jette f 1897 på Varpe bnr 10 d 1985 på Eikeland var andre kona til Isak Kristoferson Eikeland f 1890 d 1983. Dei budde på bnr 1 på Eikeland og fekk 4 barn. Bildeeigar: Eli Tideman

Olai og Anne Eikeland

Anne (Nordbotten) f 1859 d 1933 og Olai Eikeland f 1857 d 1946. Dei budde på bnr 2 på Eikeland og fekk 7 barn. Ei dotter, Helga døydde som baby, medan 4 døydde av tuberkolose mellom 1918 og 1923. Dette bildet var teke i 1885 då dei gifta seg. Bildeeigar: Eli Tideman

Ragnhild Kornelia Eikeland

Ragnhild f 1893 d 1974. Ho vaks opp på bnr 2 på Eikeland saman med foreldra, Anne og Olai Eikeland og 5 søsken. Ho var ugift og arbeidde i mange år som bestyrarinne på Ingeniørmessa (Rustatun). Bildeeigar: Eli Tideman

Kristoffer Henrik Svarstad

Kristoffer Knutson f 1870 d 1915 g.m. Lusie Inger f 1873 d 1925. Dei budde på Svarstad og fekk 6 barn. Bildet er teke av fotograf Hulda Bentzen, Voss. Bildeeigar: Eli Tideman