| Velkommen til Svelgen-sona! Her kan alle som ønskjer det bidra!
Lyst på eit GRATIS prøveabonnement på Firdaposten?I kveld torsdag 15. april har Firdaposten supertilbod på abonnement: Lyst til å prøve? Vil du prøve å abonnere på Firdaposten - heilt gratis?No kan du få prøve eit Firdaposten-abonnement gratis – i ein heil månad! Tilbodet gjeld husstandar som ikkje abonnerer frå før, og som ikkje har abonnert i løpet av dei tre siste månadene. Der er ingen bindingar. SkrivekursSogn og Fjordane skrivelag inviterer med dette til kurs på Nordfjordeid laurdag 30. og sundag 31. oktober. Kursstad er Bryggen hotell på Nordfjordeid. Vi har lagt opp til eit kurs der kvar og ein kan arbeide med eigne tekstar/skriveprosjekt, og legg opp til samlingar der vi les og diskuterar tekstar etter ynskje og behov. Kurset skal ha fokus på eiga skaping og produksjon, og er tenkt som eit inspirasjonskurs for vidare skrivearbeid. Som ein del av dette vil vi utfordre kursdeltakarane til å bidra med 5-minuttars innlegg om sin skrivekvardag, med stikkord som skaparglede, skriveglede, skrivevrede, skrivesperre, dørstokkmili, forfattarspiren inne i ein osv. osv. Vi vil oppfordre til at flest muleg deler litt av sine eigne skriveerfaringar. Dette vert sosialt og moro! Kursavgifta inklusive hotell med full pensjon blir på rundt 2000 kroner for enkeltrom, og rundt 1800 per person på dobbeltrom. Dette er ei rimeleg investering for folk som likar å skrive, og som har ting liggande som dei kanskje vil gjere meir utav, eller som har konkrete planar og skriveprosjekt liggande i bakhovudet. Meld dykk på til underteikna via ei direktemelding her eller ei direktemelding på twitter. (Følg meg på twitter: @MANNmedGREIP)(Johannes Eggen Mundal) Og for all del: Del dette innlegget via alle kanalar (Facebook, twitter, e-post osv) – sjølv om du sjølv kanskje ikkje kan denne helga. Den låge kursavgifta kjem av at vi ikkje brukar pengar på annonsering. (Innlegg/kopi frå Johannes Eggen Mundal, Johannesbloggen) For skrivelaget Kort utgreiing om industristaden Svelgen.Mellom tungindustribygder i Sogn og Fjordane er Svelgen ikkje så vel kjent som Høyanger og Årdal. Staden ligg omlag midtvegs mellom byane Florø og Måløy i enden av fjorden Nordgulen. Svelgarar på vellukka kunsttur til OsloDet er utruleg mykje kor mykje kunst og kultur ein kan få sjå og oppleve på fire dagar i hovudstaden. Men så gjennomførte dei også eit tettpakka program fullt av høgdepunkt dei 20 oppglødde svelgarar som no er vel heime etter Osloturen. Svelgen Kunstlag og Bremanger Folkeakademi stod som arrangørar for Osloturen med eit tettpakka program full av kunst og kultur opplevingar. Eit fire kveldar seminar med Espen før Osloturen, med innføring i norsk historie, kunst og arkitektur gjennom dei siste 200 åra, gav også deltakarane eit godt utgangspunkt. Dette kom til nytte då deltakarane på gatevandringar i sentrum av hovudstaden såg på kjende bygningar og besøkte både museum og teater. For å ramse opp litt av det som stod på programmet: Omvisning og konsert i Den norske opera, framføring på Nationaltheateret, besøk på Nasjonalgaleriet og Kunstindustrimuseet, omvisning i Stortinget med to gode guidar og nydeleg middag på Theaterkafeen. Likevel var kanskje besøket i Domkirka, der alt skjedde heilt spontant, det ein hugsar best. Den nyopp-pussa kyrkja var stengd grunna ein stor konsert denne helga. Ein av deltakarane visste at tidlegare sosialsjef i Bremanger i sju år, Arild Yri hadde sitt arbeid i Domkirka. Ein telefon og alle fekk komme inn. Kort sagt, det var ein fantastisk tur med ein like fantastisk reiseleiar. Det er freistande å bruke den gamle klisjeen her: ”Alle var einige om at dette var ein fin tur”. PortrettbilderSom kanskje nokon har registrert, så har eg lagt ut ein del portrettbilder. Eg er sikker på at det er fleire som har slike bilder liggande. Folk stasa seg opp når dei gjekk til fotografen og portrettbildene kan vel kanskje vere eit svar på dagens visittkort eller omvendt. Eit sjekketriks kunne det vel også vere. I eit album frå Eikeland-garden der det tidleg på 1900-talet var 5 unge jenter, var det bilder av mange stilige unge menn, men dessverre er mange heilt ukjende for meg. Vil legge dei ut på origo i håp om at andre kan gjenkjenne dei. Mvh Eli Fornying av "COOPEN"Stor takk til deg Liv som let oss ta del i dette via svelgen.origo.no. Lys i SandetunellenEli skreiv om manglande lys i tunellen,og eg veit det har vore utført arbeid i tunellen. BakarhusetHei! Er det nokon som kunne tenke seg å lage eit album om “Bakarhuset”? Eg veit at dette er interressant for folk som ikkje har moglegheit til å få sjå det ved sjølvsyn. Så det kunne vore fint og sjå korleis det har blitt både i bakeriet, kafeen og leilighetene. Kanskje ei oppgåve for huseigaren? ;o) Bremanger Ettersøksring har ei god heimeside !Eg vil gje ros til Bremanger Ettersøkring for ei oversiktleg og informativ heimeside. Bjarne Huseklepp Annonse | |||||||||||
Nyeste kommentarer