Velkommen til Svelgen-sona! Her kan alle som ønskjer det bidra!

Kort utgreiing om industristaden Svelgen.

Mellom tungindustribygder i Sogn og Fjordane er Svelgen ikkje så vel kjent som Høyanger og Årdal. Staden ligg omlag midtvegs mellom byane Florø og Måløy i enden av fjorden Nordgulen.
Namnet har staden fått etter elva Svelgen, kraftkjelda åt industrien som finns der. Då utbygginga tok til i 1917, var det med tanke på kraft til eit sinkverk. Dette stod ferdigbygd då kraftstasjonen stod ferdig i byrjinga av 20-åra. Etterspurnaden til sink var minka så kraftig at sinkverket i Svelgen aldri kom i gang. Først i 1928 var Rujarns-verket på plass og det vart bruk for straum-overskotet.
Dette var bygd etter ein modell som ingeniørane Tysland
og Hole hadde utarbeidd ved Christiania Spikerverk , der jernet blei utsmelta med elektrisk oppvarming. Denne produksjonen vart avslutta ein gong på femti-tallet. Det var då kome i gang
ny storindustri bygd på ferro-silicium som seinare har vorte utvikla til silicon og som det er stor etter-spurnad etter i dataindustrien. Produsenten heiter Elkem og verket i Svelgen er det største i sitt slag i landet. Produktet blir m.a. nytta i solcelle-produksjon. Slik produksjon er alt sett i gang i Kristiansand. Målet er visst med tida å utvide produksjonen til Svelgen. " Den som lever får se ".
Svelgen ligg i Bremanger kommune og kommune-adminstrasjon og lensmann held til der.
Innbyggar-talet går litt opp og ned, slik det gjerne gjer på ein industristad og er f.t. mellom 1200-1300.

Vist 212 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

God kveld.
Interesant om Svelgen Kåre, men den store rujernsomnen “omn 3” var i produksjon til først på 60 talet. Sjølv var eg med på store stanser der kor vi bla. sveiste lekasjer i kjølekappa. Eg byrja på mek. verkstad sommaren -59 og ein vart ikkje med på slikt arb. som heilt “grønn”. I ein kort periode var også omn 1 – den første rujerns omnen – i drift i samband med noko forsøks prosjekt. Leige mekniker Harald Sørnes frå møre og eg hadde mykje oppjusterings arb. i den forbindelse. Silgrain eller silicon forsøkene vart starta hausten -61 i 2.etg. på¨lab. byggningen. Frå mek. verkstad vart eg – som ny frå Yrkesskulen – satt på arbeidet saman med ein som heitte John eller Johan Dahl. Desse forsøken vart seinare flyttet til “Gamle badet” i litt større skala.
Kunne skrevet mykje om hendinger i den tida, men det får vere til ei anna anledning.
Helsing
Steinar V…
..

Hei Steinar. Eg var komen godt i gang med å svare på kommentaren din og så vart eg avbråten av noko fint som heiter " konfigurasjon " . Dette pokkerskapet har dei eit lag til å komme med kvar gong eg er midtvegs i ei utgreiing. Vel ! Takk for kommentaren din. Eg arbeidde tre periodar ved verket i Svelgen. Sommaren 1939. som femtenåring , som hjelpegut på mekaniker-verkstaden. Vi var ein gjeng elevar frå middelskulen som pikka rust av jarnbjelkar til meir tak over fabrikktomta. Knutsen plukka meg ut som hjelpegut på verkstaden.
M.a. jobba eg mykje saman med Magnus Øvrebotten som seinare vart svogeren min. Magnus hadde eit sinnelag som gjorde at han ikkje var lett å gå i hop med. Vi kom veldig godt overeins. Det gjorde vi og seinare som svograr. Denne perioden slutta eg av som hjelpegut for smeden Martin Grotle 1. september, same dagen som 2. verdskrigen starta. Martin hadde segla ute under første verdskrigen og hadde stor angst for det som no kom til å skje. Som vi såg, ikkje utan grunn. Mi økt nr. 2 var frå sommaren 1944 til sommaren 1945, først på fabrikken hos Karl M. Mundal, som hjelpearbeidar, deretter som telefonvakt og flyalarm-varslar.
Tredje økta var hausten 1948, som kontorist hos Sverre Nesbø etter fullført studenthurs ved handelsgymnaset i Bergen. Der skulle eg gjerner ha vorte verande, men klimaet i Svelgen
var ikkje til å leve med. Seinare har eg berre vore sporadisk i Svelgen. Her må eg slutte.
KåreK

Samtalen er stengt for nye kommentarer.

Annonse

Nye bilder