Velkommen til Svelgen-sona! Her kan alle som ønskjer det bidra!

Portrettbilder

Som kanskje nokon har registrert, så har eg lagt ut ein del portrettbilder. Eg er sikker på at det er fleire som har slike bilder liggande. Folk stasa seg opp når dei gjekk til fotografen og portrettbildene kan vel kanskje vere eit svar på dagens visittkort eller omvendt. Eit sjekketriks kunne det vel også vere. I eit album frå Eikeland-garden der det tidleg på 1900-talet var 5 unge jenter, var det bilder av mange stilige unge menn, men dessverre er mange heilt ukjende for meg. Vil legge dei ut på origo i håp om at andre kan gjenkjenne dei.
No oppfordrar eg andre til å legge inn sine portrettbilder. Det kan bli eit flott album. Mange av baksidene på bildene er også fantastisk fine.

Mvh Eli

Vist 259 ganger. Følges av 3 personer.
Annonse

Nye bilder