| Velkommen til Svelgen-sona! Her kan alle som ønskjer det bidra! Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt og Kystpuls (onsdag 9. september 2009). Les mer om roperten… Takk til Linda.No har Linda gjort det veldig enkelt for oss å finne dei albuma vi vil sjå. På høgre “stolpe” er det berre å klikke på lenka “Bilde” så kjemm alle albuma på Svelgensona fram. Håpar at folk set pris på dette og alt som sona representerer. Hugs, dette har ein enorm reklame verdi for Svelgen og områda omkring!
Vist 387 ganger. Følges av 4 personer. | ||
Kommentarer
Takk for takk :o)
Er heilt einig med deg, dette er kjempeflott reklame for Svelgen og omegn. Utruleg mange flotte bilde, både gamle og nye. Veldig kjekt å følge med!
Eg håpar etter kvart at folk også vil begynne å legge ut arrangement i kalenderen.
Viss ein legg ut arrangement og “publiserer med ropert”, så kjem arrangementet på Firdaposten si sone Kystpuls, det kjem i kalenderen i nettavisa Firdaposten.no og det kjem inn i Firdaposten si papiravis, på Plakaten om torsdagane.
Ein kjempeflott og enkel måte å få blest om arrangementet sitt på! Og kanskje dukkar det til og med opp ein journalist på arrangementet :o)
Det er vorte enklare no.Kanskje får vi ein repr.for Firdaposten til åpninga av Svelgen Stadion 11.9 Ligg ute på svelgen.no
No har eg lagt inn to arrangement i kalenderen her i sona, for å vise korleis det kan sjå ut.
Kalenderen ligg i høgre spalte, under “Representantar”.
Alle kan legge inn i kalenderen, jo fleire arrangement jo betre! :o)
Arnar, eg er rimeleg sikker på at Firdaposten skal vere på opninga :o)
Skal minne helgevakta på det i morgon.