| Velkommen til Svelgen-sona! Her kan alle som ønskjer det bidra! Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kystpuls og Fjordaglimt (onsdag 12. august 2009). Les mer om roperten… Frå Statoil til BestI og med eg held på å lage ein bildeserie om bygging av ny bensinstatsjon i Svelgen,har det og vore kommentarar om dårleg varsling frå eigar si side.Dette er reinspika tøv, om folk hadde lese Svelgen.no eller oppslag på Coopen og på Statoilstasjonen,hadde dei visst kva som skulle skje. Hadde det ikkje vore betre å sjå positivt på utvkling og tiltak i heimbygda vår ? Arnar Kjelkenes
Vist 715 ganger. Følges av 3 personer. | ||
Kommentarer
Til informasjon så er det ingen frå Svelgen som har kontakta Firdaposten “for å få negativ vinkling” på dette.
Det var underteikna som tok opp saken på redaksjonsmøte i avisa, etter å ha vore i Svelgen på ferie då stasjonen plutseleg vart tom for drivstoff, og opplevd problem dette skapte.
Firdaposten har ikkje som utgangspunkt “å få negativ vinkling”, det er ikkje slik vi jobbar.
Poenget med å lage sak om dette er jo å informere folk om at det for tida ikkje går an å fylle drivstoff i Svelgen, og å sette søkelys på eventuelle problem/utfordringar.
Det er fleire som pleier å fylle der enn berre fastbuande svelgarar, til dømes besøkande, turistar og folk som er på gjennomreise. Det er langt til næraste bensinstasjon om ein er nesten tom for drivstoff.
Synest for øvrig det er trist om du meiner det er ille at folk kontaktar Firdaposten.
Eg skal meir enn gjerne be Firdaposten om unnskyldning om eg har kome med feil utspel i denne saka.
Slik det blei sagt på stasjonen i dag,var F.posten blitt oppringt av ein som var der idag og var tom for drivstoff,dette blei nemnt av repr.for avisa som var der i dag.
Mannen fekk nok drivstoff til å nå attende til stasjon i full drift.
Dei har og hjelpt andre som har vore i naud.
Det er naturlegvis ikkje gale i å kontakte aviser,om det er noko som treng kome fram.
Eit spørsmål til slutt, korleis skulle dei ha gjeve informasjon ?
Etter mi meining burde dei både ha sendt ut pressemelding og sett inn annonse i lokalavisene i god tid på førehand, i tillegg til å hatt påminningar kort tid før.
Når det gjeld å hjelpe så veit eg at dei er veldig hjelpsame, og dei yter veldig god service :o)
Eg trur at F.posten ikkje er ute etter “negativ vinkling”,men veit og at det er personar som gjerne skulle sjå at det blei slik.
Naturlegvis er det den tilfeldige reisande som blir mest skadelidande,men om annonsar i lokalaviser etc.hadde fanga opp desse er vel meire tvilsamt.
Men OK det hadde kanskje vore rett å sette inn annonsar,nokon hadde vel hatt nytte av det.
Det som er bra er at vi har fått ein diskusjon om dette og situasjonen her.
Og biletserien på svelgen.origo.no kjem til å halde fram
Eg synst saka i Firdaposten i dag blei bra, positiv var den og :o)
Kjempeflott at du vil legge ut bilde her undervegs! Gler meg til å følgje med.
Gatulerer til Firdaposten for grei,sakleg og objektiv reportasje om drivstoffsituasjonen i Svelgen.
Ser og at NRK/sfj har fått nyss om saka.
Takk og til Børge som torer å satse slik at vi er sikra stasjon i åra som kjem.
Derfor Svelgarar og andre FYLL TANKEN HER i framtida